- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
70

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Voss folkehøgskule

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

iii

Det er den store skilnaden på vanleg dans og
folke-vise-dans, at i folkevise-dansen lyt kropp og sjel vera
heilt vakne. Det er tankegang og plan i den dansen: ein
lyt kunna ordi og spela med.

Det viste seg vandalaust å stogga folkevise-dansen
når som helst og gå yver til eitkvart anna. So elastiske er
ungdomane at dei kan skifta tone, frå leik til ålvor. Nokre
minuttar etter den dansen var slutt, sat dei stilt og var
med i kveld-andakti.

Derimot hev nok alle røynt kor vanskelegt det er å
stogga rund-dans: rytmane hev teke makti og svævt
tankane i svevn, beint fram hypnotiserande, so dei vil

halda på, halda på, ja heile notti!

*



Til Bjørnsons 70-årsdag 8. desember 1902 fekk me i
stand stor fest på Voss folkehøgskule. Det var Bjørnson
som fyrst nemnde at på Voss burde dei få ein
folkehøgskule.

Det fall lett for oss å høgtida dagen hans, trass i
mot-strevet hans mot målsaki. Me var alle glade i han. Og me
vilde av heile vårt hjarta «syngja han heim», som han
sjølv hev bede um, heim til mor Norge, heim til Far i
himmelen.

Me øvde inn «Foran Sydens kloster» med gjente-kor.
Til å få det meir dramatisk, let me nonnene gå i prosesjon
inn i kloster-kyrkja, Ingegjerd stod utanfyre og bad å få
sleppa inn.

Med høgskulegutane øvde me inn Kongekvadet i
«Sigurd Jorsalfar».

Dessutan var det song av Bjørnsons romansar, og
upplesing or «Arnljot Gelline» og or forteljingane hans.

Me laut taka uppatt heile festkvelden i ungdomslo-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0072.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free