- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
71

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Voss folkehøgskule

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

71

kaiet på Vossevangen. Bladi skreiv at alt fekk ei
framsyning som «var scenen verdig». Og det er sant: høgskule-

ungdomen tedde seg med høveleg vyrdnad.

#

Sumaren etter var Bjørnson i Ullensvang for fyrste
gong. Han vart strålande fagna av hardingane, trass i
mål-striden: brising på nutane, stemning hjå fest-lyden.
Bjørnson vart heilt hugteken. «Dette visste jeg ikke!»
sa han då han kom inn på hotellet etter festen. Han bxirds
ha visst det! Han gløymde kva folkehøgskulen hadde
bygt upp av åndsliv. Han fekk her sjå noko av det han
hadde drøymt. Han trega han ikkje hadde vitja Hardanger
fyrr. Og fjelli! og fossane! «Dette er jo noter som en
må synge til,» sa han.

#

Ei foredrags-ferd i Hardanger gjorde Eskeland og eg
i joleferien. Me gjesta flest-alle bygder, frå Kvinherad
til Eidfjord. Eg song Draumkvædet, og «Inga Litimor»,
som Eskeland tok til emne: han nemnde henne som symbol
på det norske bondefolk; Inga laut mala på handkvern i
sin eigen kongsgard; men ho åtte den levande tonen
som bar uppe i dei tunge trældoms-åri og førde henne fram
til arven til sist.



Heile sumar-halvåret hadde eg fri.

Alt fyrste sumaren vitja eg ungdoms-stemner i Sogn,
på Sunnmøre, i Trøndelag og i Nordland, forutan den
næraste i Sunnhordland. Mange gjæve stemne-talarar
vart eg kjend med: Sven Moren, Armauer Hansen,
Johan Bøgh, Andresa Austlid, Håkon Løken, Karl Seip,

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0073.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free