- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
172

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Ljos og varme i kristendomen

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

172

Eg kjende meg ein lekk i ei aukande kjeda av
forkyn-narar som tala ut. Eg nemnde dei mange vender, til å
stadfesta det eg sa. Eg nemnde Chr. Bruun, Thv.
Klaveness, JT. J. Jansen, Gustav Jensen, Herman Lunde.

Og eg nemnde biskop Heuch. Han forkynte klårt
og fritt at ingenting er verdsleg i seg sjølv, men at alt kan
verta verdslegt, alt kan verta rive laust frå Gud, jamvel
bøn og salmesong og bibellesing!

Men det trongst å prenta inn um att og um att det
livs-syn som bibel og kristendom forkynner, at «ingen
ting er ureint i seg sjølv».

*



Liksom dei forkynnarane eg nemnde, freista eg opna
kyrkje-døri på vid vegg for alle menneske.

Eg la imot all tronghjarta kyrkje-politikk som vilde
stengja ute u-verdige. Eit ord av biskop Heuch hermde
eg: når prestar klaga seg at dei skulde vera nøydde til å
lysa velsigning yver uverdige brud-par, kalla han det
kyrkjeleg egoisme.

Difor dreiv eg på med hjarte-foredraget mitt, «den
norske folkekyrkja».

Eg vilde syna kor Gud hev skipa den store romslege
kyrkja, der heile folket slepp inn. Mange spottar dette:
at alle vert døypte, alle vert konfirmera, alle fær rett til
å vera gjester ved Herrens bord. Dei kallar det
massekristendom. Men Jesus Krist retter armane ut med
velsigning til alle menneske: alle vil han draga til seg.

Den opne kyrkjedøri er Jesu Kristi varmaste
kongstanke.

Den opne kyrkjedøri er Guds eigi opne dør til den
store fars-heimen med dei mange romi, der det er so
høgt til loftet og so vidt til veggene.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0174.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free