- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
173

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Ljos og varme i kristendomen

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

173

Det er turvande å ripa uppatt i eino at den kristne
kyrkja er ikkje skipa av kristne menneske som slo seg i hop.
Det er Gud sjølv som hev skipa henne. Det er Jesus
sjølv som hev bygt si kyrkja til heim for heile mannaætti.

«Me trur vondt um Gud, kunde eg segja. Me trur han
held døri på glytt og slepper inn ein no og ein då, når dei
hev angra nok og umvendt seg skikkeleg og fenge sterk
tru! ja so slepper han dei inn! men det skal mykje til?»

«Og so held Gud døri vid opi. Han stengjer ingen ute.
Um du er so langt burtkomen at inkje menneske kjem i
hug du kan vera barn av Gud —, Jesus hev sagt at Gud
held barneplassen open åt deg.»

Eg streka under at Simon Peter var Jesus læresvein eit
heilt år fyrr han den dagen ved Genesaret fekk sjå si
synd. «Du kan vera Jesu læresvein, og du kan vera Guds

barn, kor lite du skynar av kristendomen!»



Difor våga eg nemna ddpen det faste utgangspunkt
for kristen-livet.

Spurde nokon kva tid eg vart ein kristen, svara eg:
det var då eg vart døypt.

Den pakti stend fast, segjer Jesus, jamvel um guten
vildrar seg langt burt. Far ventar på han, og spring
imot han når han kjem heim.

Var det ikkje turvande å forkynna dette um att og
um att?

Eg gløymer ikkje ljoset og varmen hjå biskop
Thorkildsen då han hermde for meg salmeverset: «Jeg er frelst
og dyrekjøpt og til saligheten døpt.» «Der har vi det
objektive,, det som står fast,» sa Thorkildsen.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0175.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free