- Project Runeberg -  Barndomsminne /
67

(1935) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

gården", og liksom bar med seg noko av
tradisjonen derifrå. Av frøken Wang minnest eg berre
den grå filthatten med lange raude fløyelsband,
som ho hadde på seg den dagen ho reiste frå
Hamar. Det var so vakre fargar saman, at eg
kunde ikkje gløyme det. Og fyrste hatten eg
tente pengar til sjølv i ungdomen var ein stor grå
plyschhatt med raud fløyelspynt. Då hadde eg
lengta so smått etter den hatten i fleire år.

Fru Marie Sannerud på Hamar fortalde meg
i 1932, at Borchgrevincks vitja Noreg og Hamar
att eingong, og at fru Borchgrevinck då var ei
"tykfallen, skarp og mægtig dame som gav
indtryk av stor dygtighet —". Ho hadde nok høyrt

til pietistane på Hamar.

*



Barndomen hev mange sorger. Ei av mine
store var, at eg ikkje fekk gå på danseskule. Den
fyrste danselæraren var komen til Hamar. Koss
han skreiv namne sitt, veit eg ikkje, men me sa
Hushær. Og dei fortalde han tala so rart eit
mål, og var so lynande galen når dei ikkje
dansa rett.

En to tre og fire fem,
fanden gale mig om igjen!

song dei etter han. Til trøyst gav mor meg den
gamle "knekkparasollen" sin, og eg skulde få lov

67

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:40 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barndomsm/0073.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free