- Project Runeberg -  Barndomsminne /
68

(1935) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

å ta han med på ein landtur i Holset-enga1. Men
der hende ulukka. Eg knekte det tunne
elfenbenskafte tvert av i ein leik. Eit slikt skaft var
til å slå saman, hadde led på midten, so det ikkje
skulde vera so lett å knekke. Og sjølve den vesle
parasollen var av grå blomut silke med stutte grå
frynsor ikring. Eit stasplagg, som eg var veldug
kry av. No våga eg mest ikkje gå heim; for dette
var ein av dei få ting mama hadde berga frå
skipbrote. Eit minne frå Kjøpenhamn. Frå ein
av desse Kjøpenhamn-turane hadde me ogso
berga ein vakker liten toiletspegil, eit par
desert-gaflar og eit "dameskrivetøi" av fransk postelin
— bakkantinner på ei vogn — blekkhus og
sandhus som kvar tek eit par fingerbøl. Ogso ein liten
postelinskonkylie, fars fyrste fyrstikhus, og eit
tungt band av Andreas Munch, som m. a.
inne-heldt dei tvo teaterstykki "Donna Clara" og "Lord
William Russel". I denne boki tok eg tidleg til
å lesa, og av "Donna Clara" lærde eg langestykke
utaboks. Eg trur det berre var tvo bøker eg hadde
lese fyre den, "Jesikas første bøn", som eg nok
fekk av ei misjonsvenleg dame, og so Hanna
Winsnes "Aftnerne på Egelund".

Men Munchs drjuge band var einaste boki eg

1 Byen var bygd på Holset-grunn, og dengongen var enno ein
heil liten naturpark att av den fine garden. Der henta me
blomsterjord og gjekk på landtur.

68

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:28:40 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barndomsm/0074.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free