- Project Runeberg -  Forteljingar og Sogur /
121

(1884) Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Seld til den Vonde. 121

dette Ordet, vart det so svivyrdande, at ho vart
heit av Skam. Ein Bonde. Ein Bonde hadde
ho elskat, elskat utan Vit ... Ho gjøymde
Andlitet og kjende seg hjelpelaus. Futen sagde
ikkje meir um dette, men lagde stutt til; at no
kunde ho tenkja seg um til i Morgo. Dermed
gjekk han. Gunhild stod etter aaleine, so reint
forunderleg aaleine, som ho aldri fyrr hadde
kjent seg. Ho stod og lydde og lydde etter
Far sin, der han gjekk, og totte, at med honom
gjekk alt, som ho hadde voret glad i og sett
Von til.

Men etterkvart skar Suti og Rædsla yver i
eit kokande Sinne. Kven var det, som hadde
Skuldi for alt dette? Hr. Jørgen! Adelsmannen!
Den Styvingen, som hadde Nosi større enn
Vitet og meir Skjegg enn Mod, den Stakkaren,
som ikkje eingong kunde fria sjølv, og. som
knapt nok kunde snakka . . . Ho skar Tenner.
Det var Adelsmann, det! Lova aa hjelpa henne,
og so svika, ikkje vera so mykje til Mann, at
han kunde halda sitt Ord ... slikt vilde ein
Husmannsgut halda seg for god til! Kva
hadde han her aa gjera? Kvi skulde han koma
«drivande her, just no, og koma i Vegen for det,
som ho vilde? Dersom han trudde, at han

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:40:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaforsogur/0133.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free