- Project Runeberg -  Forteljingar og Sogur /
140

(1884) Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

140 Seld til den Vonde.

aatte, og so jagat henne paa Skogen; det var
dei det same, anten ho gjekk paa Foss elder
Stup. Aa,den som var Mann og kunde hemna
seg! den, som kunde fina seg eit Hol i eit
Berg, samla ville Menn umkring seg, og so ei
myrk Noit heimsøkja Bygdi med Mord og Brand!
Men ho skulde hemna seg. Dei skulde ikkje for
ingenting ha gjort henne til Skogdyr. Skulde
ho lata sitt unge Liv forspillast, skulde ho bøygja
seg og taka alt for godt... nei. Ho vilde
njota sin friske Ungdom. Og fekk ho ikkje
gjera det paa den Maaten ho hadde tenkt, —
ho skulde gjera det paa ein Maate som var
verre! No var ho fri; ho hadde ingen aa bry
seg um, og ingen aa ræddast; dei skulde faa
sjaa, at ho ikkje var bøygd og ikkje gav
upp Livet for deira Skuld, og so sant som
Gud var i Himmelen, dei skulde faa trega det,
dei hadde gjort. Dei skulde faa svida for henne
i si siste Stund, dei skulde faa svara for henne
paa Domedag. Ho reiste seg i Maaneglan-
sen som el ung Løva, sterk, staut, skræme-
leg fager, skok Manken, riste av seg alt, som
ho fyrr hadde brytt seg um. Og ho knytte
Henderne mot Barmen og svor, at fraa denne
Stundi vilde ho liva villt, so villt, at dei skulde
bleikna av aa høyra Gjetordet um det, so villt,
at dei skulde trega Vitet av seg, liksom ho i

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:40:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaforsogur/0152.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free