- Project Runeberg -  Forteljingar og Sogur /
141

(1884) Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Seld til den Vonde. IAT

denne Notti hadde voret ved aa sleppa sitt.
Ingen Ting vilde ho vyrda, liksom dei ingen
Ting hadde vyrdt mot. henne; ærelaust, syndigt
vilde ho fara, liksom dei hadde røvt Æra og
alt godt fraa henne, og tilslutt, — tilslutt vilde
ho koma heim att, rik og stolt som ei Dronning,
gift med den rikaste og fagraste i Verdi.

Ho prøvde aa beda um Hjelp til Vaar-
herre, men fekk det ikkje til; hugsad so i rette
Stundi, at det nok var den Vonde, ein skulde
venda seg til i slikt. Ja! den Vondel Og ho
lo som ei Havfru; det svarad syrgjelegt millom
dei vaate Fjell. Den Vonde skulde hjelpa henne;
han var Mannen! Hadde ikkje Mor hennar
voret Trollkjering? og heldt dei henne ikkje for
Trollkjering sjølv? Ha-ha! den Vonde var
Mannen. Han der heime, han Stakkaren,
Baard, -— Baard skulde bera Skuldi; han skulde.
svara for det paa Domedag; han hadde for-
tent det!

— Var ho fraa seg? Det var det same; ho
skulde endaa verta dei der heime for klok. Slikt
hadde dei væl aldri tenkt; dei trudde væl ho
gjekk paa Elvi, elder gav seg paa Fantestigen,
elder tok seg til aa tena for Livemaaten hjaa
gode Folk. . . jau, dei skulde sjaa! dei skulde
merkja, at ho ikkje for ingenting var Dotter aat
sæle Fru Margreta.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:40:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaforsogur/0153.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free