- Project Runeberg -  Forteljingar og Sogur /
185

(1884) Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Seld til den Vonde. 185

ein stygg Laatt og svarad: »eg er seld til den
Vonde«.

Anna seig i Kne framfor han; ho trudde
han hadde vortet galen. »Kjære, kjære, seg
ikkje slikt; du meiner det ikkje; du veit det
er ikkje sant! Kva vondt hev du gjort, at slikt
skulde henda?« — Det var som det greet i han,
og han svarad med eit Mæle, ho ikkje kjende:
»Mor mi selde meg, fyrr eg vart fødd«, — —

Anna var raadlaus. Det svimrad og svart-
nad for henne. Ho sprang burt til Sengi, treiv
Gunhild i Armen og kviskrad: »det er Lygn!
slikt hender ikkje! det er Lygn!« Men Gunhild
slog upp eit Par Augo so fulle av Jammer og
Pine som ho alt var fordømd, og ho sagde til
henne: »Kann du no frelsa han, du Guds Engel,
so gjer det; for eg hev gjort som han segjer,
og i Nott er Tidi ute«.

»Gakk til Presten, til den unge Presten,«
hadde Mori sagt. Her var ikkje annat aa gjera.

Baard kjende seg ikkje sjølv; han var vor-
ten ein annan. Dette aa vera seld, aa ikkje
eiga seg sjølv, vera utan Rett og utan Vilje
liksom ein Ting, so naar Figaren kom, so laut
ein fylgja, liksom Sauen, som gjeng paa Vollen

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:40:50 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaforsogur/0197.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free