- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
28

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Kristus sidan gjekk upp for meg med ein liten glytt, so
syntest eg at ikkje noko menneskje likna honom meir
enn Kristofer Bruun gjorde det.

Og som han kunde tala um fedrelandet og dei ting

— brenne sine syner inn i oss! Daa vida stova seg ut

— vi saag det blaableike havet der langt ute og kjende

friske saltsmaken i munnen — og det gjekk slik roleg

manndom gjenom hans tale, so det tok oss reint med

makt. Denne vesle mannen, naar han stod der i krinsen,

med det kvasse kastet paa hovudet og den skarpe
ørneblinken i augo, heit og sterk, so vi saag blodaara svall i
skallen — anten han tala um Leonidas ved Termopylene
eller Olav Tryggvason ved Svolder — daa saag vi ein
mann og ein adelsmann; daa voks han seg inn i oss, so
vi aldri gløymer det, vi som høyrde han, endaa det no
er snart firti aar sidan. Ein slik kveld, etter vi hadde
lagt oss, sa eg: „Var eg so god kar som Bruun til aa

tale, skulde eg gjerne ikkje eige meir enn klæda paa
kroppen, og endaa vera tilfreds." Og dette var mykje
sagt av meg den gongen, eg som alle dagar før hadde
drøymt um ein stor raudmaala gård, paa minst 10 hestar
og 60 kyr. Men han som laag attmed meg tok toppen:
„Eg skulde radt staa paa Taulstadaasen i berre skjurta
midt paa svartaste vinteren eg, dersom eg var god som
Bruun; men daa vilde eg ha ski" — segjer han.

Slik smaagut-tale kunde vi føre, midt i aalvoret vaart,
og helst daa. At vi kunde kjøpe oss til ein mann som
Kristofer Bruun for det og det offer, det trudde vi vel
so maate paa — vi fekk nok stræve med oss sjølve,
stakkarane, og sjaa kor langt vi rokk. Men at det laag
ei heil verd av utvikling og vokster, med hårdt arbeid og
streng strid, bakum eit slikt liv som hans, det hadde vi
liten tanke paa den gongen. Vi visste at han hadde vore
i krigen, for fire aar sidan, daa Tyskland heldt paa og
tok Danmark. Og det var karsleg gjort; men likevel

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0030.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free