- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
29

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

berre som det skulde vera, for ein mann som Bruun.
Vi vilde gjort det same — trudde vi — hadde det vore
no. Men mor hans du — at ho gav han lov til dette,
sidan han var einaste sonen hennar og ho ikkje hadde
fleire — det var stort; det skulde mot til det. „Mi mor
hadde aldri gjeve meg lov, sa kameraten min. „Ikkje mi
heller," trudde eg. For dette høgvyrde vi gamle mor
Bruun. Ho fekk slik makt over meg um vinteren, at ho
fekk talt meg til aa eta smør, det eg aldri hadde havt
innum tennene mine før.

Det var nokon underlege rike dagar desse paa Sel;
ein ljos vaar, med varmt grover kvar vi snudde oss. Vi
var so glade i kvarandre, eg trur ikkje det fanst kritik.
Der gjekk Janson, alltid med smil um munn og eit
skjemtefult ord; og Drude, kona hans, som ei dronning,
stor og fager og vyrdeleg. Der gjekk Stefan Frich,
filologen, prestesonen, raud republikanar, norsk som ein
flintstein, djerv og skarp i tunga, men eit hjarta so
kjær-legt at augo hans skaut soler. Der hadde vi Kristian
Horne, jordbrukslæraren vaar, traust og tettbygd, og
tru-fast som eit guli. Og systera, Lina Horne, stillfærleg og
bljug, fin som ei Synnøve Solbakken. Der gjekk Tea
Blehr, med sitt kloke, fagre andlet og si kvasse tunge, so
upplagd paa skøy, at vi log naar vi saag ho. Der gjekk
Olav Aasmundstad, fjellguten fraa Kvikne, skarp som
nordanvind, frisk som eit kviksølv; ingen trod hallingen
finare enn han eller kasta høgre i rundkast. Der var
Sigurd og Ivar Blekastad, brør, av dalens beste folk,
vakre og kloke, reine hovdingeemne. Det var
Lomsgutane Hallvard og Eiliv Ofigsbø, Olav Aukrust og
Rasmus Nordal — dei saag ikkje so grome ut den gongen;
men sidan har dei styrt bygda, og gjort Lom til den
norskaste bygd i Noreg. Der gjekk Per Utheim, av
bondeadel fraa Nordmør, ein stor gardbrukar, gift mann,
høg og svær som eit fjell, djup som ein fjord; der gjekk

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0031.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free