- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
46

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

At foreldra aat bornom mine — som sjølve hadde
lært desse lærebøkene utnaat, og ofte var glade ’ti døm —
at dei kunde la dette gaa, det ser ut som ei gaate. Aa,
det var nok borna som berga og bar skulen! Dei
for-talde heime um kveldane mest alt dei hadde høyrt paa
skulen um dagen, te dei gamle gløymde aa kritisere og
sat reint hugtekne og berre lydde paa. Etter kaart
heit-test det at desse friskuleborna var livlegare og klokare
enn andre born og vart snildare og snildare for kaar dag,
og at det ikkje fanst maken te skule i nokor bygd. Dette
døyvde all motstånd — for det fyrste.

Men motstånd fekk nok skulen meir enn godt var
— til slutt. Jau, vi hadde ei ny tru. Mange kalla
han grundtvigianarskulen, andre mormonskulen; og alt
vart slegje ihop under eitt namn: Ofigsbø-trua.

Men dei kom ingen veg; ikkje so lengje prosten
Halling var i Lom. Han kom um vaarane og heldt
eksamen serskilt aat bornom mine — endaa eg hadde vore
pliktig te sendt døm paa fastskule-eksamen, um han hadde
kravt det. Men det var eksamen kan døkk tru! Dei
svara um kapp paa alt han spurde um, og dei fortalde
bibel og Norigs-soga so det lyste taa døm. Eit taa dei
minste bornom sat eingong paa knee hans, daa han
spurde og fortalde. Ja han gløymde seg burt og fortalde
sjølv — lange leite! „Aa, det er en fest!“ sa han. Ja
det var fest, for foreldrom og bornom, for oss allesaman!
Og 2dre nyaarsdag var han beden aat den store
jultre-festen vaar; og kom kjøyrande baade han og borna hans.
Daa leika han med oss kring juletreet som eit anna barn,
den kjære graahærde presten.

Halling tok friskuleborna og let døm sleppe fram
utan Pontoppidan, bibelhistori og katekisme paa rams,
som før er fortalt. Sjølvsagt kunde dei Fadervaar og
fraa, dei fleste hadde lært dette heime daa dei var smaa,
og taa meg no, naar vi kaar morgon paa kav norsk

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0048.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free