- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
47

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

hadde andakt og eg bad og sa fram høgt. Dei 10 bordorda
au kunde dei. Og dei kunde fortelja um daapen og
nattverden. Og so mange salmar hadde vi songje ofte,
so vi kunde døm au utan bok. — Det Luther hadde sagt
um desse fem stykkja i katekisma si, let eg døm ikkje
lesa, korkje inni-eller utanboks. Men eg fortalde, etter
hans „store katekisme" som eg vart svært glad i og
kjendte godt. — I det heile brukte eg siett ikkje den
spørjande maaten. Den greidde eg ikkje hell. Han vart
oss for kunstig. Den som veit han skal spørja, og den
som ikkje veit, han skal svara! Skulde du høyrt slikt!

Men so fløtte Halling aat 0. Aker, og vi fekk att
ein prest som heitte Brodal. Daa kom striden for
aalvor.

Fyrst skulde borna mine ned paa fast-skulen te
eksamen. Og den greidde dei godt. Skyna dei ikkje
spursmaala hans straks, var dei so frie at dei spurde
uppatt kaa han meinte, og fekk han te segja det paa ein
annan maate; og daa svara dei. I bibelsoga og
landkunne fortalde dei so det stod etter; og i lesing, skriving
og rekning var dei au godt rusta. 1 ei varm stund
for-snakka presten seg. Han sa at desse friskuleborna hadde
meir kunnskap, te og med i kristendom, enn dei andre.
For Brodal var eit ærlegt menneskje. Men ein stiv,
hard-huga kar. Han hadde vore i Amerika.

Dernæst kravde han at alle som gjekk og las for
honom skulde lære Pontoppidans forklaring utanaat.

„Paa rams?“ spurde eg.

„Nettopp paa rams,“ svara han.

Der stod vi.

Gamle Halvor Ofigsbø hadde just daa ei dotter som
skulde gaa lesa. Han gjekk aat presten og spurde um
han vilde ta dotter hans utan Pontoppidan. „Eg vil ikkje
ho skal lære den boka utanaat, ho er for tung og
abstrakt, og so ubaansleg som bok kan vera. Og gjenta

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0049.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free