- Project Runeberg -  Salt fraa Folkehøgskulen /
172

(1926) [MARC] [MARC] Author: Andreas Austlid
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

driv paa med det same fantestellet som før, so skal du
faa med han Lars Flug aa gjera — høyrer du det!“

Dette var den lengste talen han Lars Flug heldt i
alle sine dagar, og daa var han so raud som blod i augom,
sa dei som høyrde paa det.

Daa bygdefolket fekk vita kva Lars Flug hadde gjort,
vart det eit aalment ord at gildare mann fanst ikkje i
bygdom der. Men — dei laut likevel hugse det no, at
Lars Flug i sin ungdom hadde vore ein tulling.

— Det er tolv trettan aar etter desse. Han Lars
Flug vart braasjuk, og det var greidt for alle at han var
feig mann.

Daa han kjende at det leid te enden, sende han bod
paa ho Brit Øvreplassen. „Det er noko um garden," sa
han te den som gjekk.

Brit kom. Ho var meir krusle no; ho hadde nok
slite for mykje vondt i sine dagar. Men endaa heldt ho
seg daa rak, og augo lyste so gode. Ho saag at det var
smaatt med ’om Lars, og ho kvokk, og graaten tok ho,
so ho fekk ikkje upp maalet. Han laag og saag paa ho,
og den gamle solvarme smilen kom endaa ein gong fram
i augom hans.

„Du Brit," sa han laagt, og drog paa pusten. Ho
gjekk burt-aat. Han tek henda hennar.

„Du Brit," sa han. „Det var ein ting egskuldesagt

deg–––––-eg har drygt alt for lengje med det; men

no maa det fram–––––––-Eg var so glad i deg, du

Brit —!“

— Han drog handa hennar inn paa kjaken sin — og
sovna burt som eit barn.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Mon Dec 11 18:10:36 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/saltfolkeh/0174.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free