- Project Runeberg -  Norsk klædebunad : (fraa ymse bygdir) /
12

(1903) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Hallingdalen

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 12 —-

det franske dansarkvende Cleo de Merode, førde
inn, hev vorti hermt og misteki utruleg, baade i
byar og bygdir. Snart sagt alle ungkvende no
hengjer haare ned-yvi øyro og let det sprikje ut
til alle kantar og løyne halve andlite; ja ofte ser
ein ikkje stort meir av andlite enn ein nasetipp.
Men dei skulde sjaa Cleo, den uskyldige orsak til
alt dette jaal. Det vene brune haare hennar ligg
daamande reint og blankt og velstellt ned-yvi øyro —
ja vei, men tett inn til hovude, so heile hovde-lage
kjem fram; og so er det fletta fast ihop i ein vanleg,
litt spisk topp i nakken. Det finst ikkje bustir
paa det mynsterhovude. Og so er det henne dei
vil likjast, desse bustetroll!

Det er synd, naar haare, denne „beste
kvinne-prydnad", vert det som mest skjemmer kvinna.
Ikkje den finaste klædebunaden kann hjelpe, naar
ikkje hovude er vei steilt. So dette laut eg skrive
noko langt um.

Dei tette hovudplaggi som fyrr var so vanlege
paa lande, bør me vei ikk|e for mykje taka upp
att no. Ei lita utsauma luve, slik som den til
høgtidsbunaden fraa Hallingdal, er fin og høver
so godt til klædnaden, at det var synd aa
kasta den, helst daa me ikkje gjeng med
høgtids-klædi til kvardags. Men tette varme plagg er
ikkje godt paa hovude; og dertil er, som sagt,
eit vent steilt haar den beste kvinneprydnad; og
kvi skulde me so løyne den burt. Lette kvite
skaut, slike som dei gilde og reinslege koneskauti
fraa Hardanger og Fane, høyrer til dei plaggi me
likevel aldri maa kaste. 1 høgtidslag ser dei framifraa
godt ut; og i kjøken veit eg ikkje noko som kann
vera meir huglegt og høvelegt. I det heile bør
haare alltid vera yvi-duka naar ein lagar mat.
Smaae lette kvite kjøk-skaut kostar ikkje stort (ein
fær 4 for 30—40 0.); og vil ein pynte deim med

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 12:53:27 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/kladebunad/0014.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free