- Project Runeberg -  Norsk klædebunad : (fraa ymse bygdir) /
13

(1903) [MARC] Author: Hulda Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Hallingdalen

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 13 —

ei „kroklidse" (pyntband eller smal blonde), so
vert ikkje det heller nokon kostnad; og dette er
av dei smaating som meir enn mange store ting
gjer „heimen hugsam aa vera i". Ei kokke med
haare ned i augo kann skræme eit menneskje fraa
baade matbord og hus.

Men dei snodige haaruppsetjingane med skuvar,
som dei brukar sume stadir i Hallingdal (Aal og Hol),
er det vei mindre verdt aa taka upp. Det skal vera
so seint eit arbeid aa setja haare upp etter dei
maatane, at det nok helst vert lengi millom kvar
uppsetjing; og det er ikkje som det skal vera.
Kvar dag, og helst tvo gongir um dagen, maa eit
langt haar under kam og kost, skal det halde seg
reint millom kvar vask; og millom kvar vask maa
det ikkje gaa meir enn 3 til høgst 4 vikur.

Til kvardags- og arbeidsbunad veit eg
ingin venare og laglegare enn den grøne
hallingbunaden med eit par smaae umbrigde.
Hovud-stasen let me vera der han er, og legg berre
haare rundt hovde i tvo flettur med eller
utan band. Og so tek me ei raud skjorte av
heimevovi verken i staden for kvitskjorta, som ikkje
høver til arbeidsplagg, og vei sjeldan hev vori bruka
til kvardags. Raud skjorte til grøn dos (stakk) er
mykje i bruk enno i Hallingdal og er noko med
det venaste eg hev set. Nedst paa stakken skal
det vera ein litin raud verkens-kant; og so skal
ein hava ei livgjord (belte) av skinn; den høyrer
alltid med til arbeidsklædi. Raud skjorte til svart
bunad er og vent; og det er godt aa hava ei slik
skjorte til skifte. Men til raudt liv maa ein hava
blaa eller kvit skjorte; blaa hev fyrr vori mykje i bruk.
Ein ven bunad hadde dei i Sogn til langt ut-i
det 19de hundradaare: svart stakk, raudt liv, blaa
skjorte og blaae hosur; den kunde ein og taka
upp att.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 12:53:27 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/kladebunad/0015.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free