- Project Runeberg -  Norsk namneverk /
44

(1927) [MARC] Author: Gustav Indrebø
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

benytter den hidtil brugelige orthographie, saa svares
hertil, at det er blot fordi man har indbildt den at alt hvad
der staaer i bøger, er det rigtigste; almuesmanden bruger
selv i daglig tale den oprindelige form, om han end naivt
nok indrømmer at navnet «skrives for» saadant eller
saadant noget.» Det var no «af særdeles vigtighed», skreiv
Munch i 1845, at dei ikkje lét det verta berre med
matrikkelen; ogso paa kartverki burde dei gjera kva dei
kunde for at «navn ei «skrives for» andet end hvad de
virkeligen hede, og da almuesmanden, historikeren og
etymologisten her har ret, medens præliminaristen til enhver tid
har haft uret, maa orthographien rette sig efter hines
paastand. At enkelte inconseqventser især i førstningen
opstaae, gjør intet til sagen, thi de ere dog ubetydeligheder
mod hiin eneste store inconseqvents.»

Domen hans um Munthe er den same i 1849. «I det
hele taget er dog et godt slag vundet,» er hovud-domen
han feller daa.

L. Kr. Daa hadde gledt seg noko vondvist til at dei
vanebundne og korrekte departementi skulde ljota
til aa skriva dei uppnorska namni, for matrikkelen var
daa utkomen etter upptak fraa det offentlege. I
departementi var dei ikkje uppglødde, er det likt til, for at
Munthe hadde gjort det spikket aa vika burt ifraa det
danske i eitt og anna. I 1847 sende Munthe ut ei liti skrift
paa 55 sidor: «Norske stedsnavnes rette skrivemaade».
Det var eit ordrag or den nye matrikkelen, ei liste yver
namni paa amti, futedømi, tinglagi, prestegjeldi og
soknene i riket; dessutan var med namni paa nokre av dei
gjævaste gardane. Denne lista hev han visseleg tenkt
skulde vera til hjelp og lette og paa same tid ei rettesnor
for dei offentlege kontori. Men departementi gjorde ikkje
noko til aa gjeva lista autoritet paa kontori sine, det me
veit. Tvert imot fekk Kyrkjedepartementet nettupp det
aaret til ei onnor liste yver inndeilingsnamni, — det var
dei namni departementi hadde mest bruk for; og i den
lista er dei uppnorska formene aat Munthe tolleg vel
utatt-reinska. Me fær upplysning um korleis det gjekk til

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 18:06:05 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/namneverk/0044.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free