- Project Runeberg -  Norsk namneverk /
59

(1927) [MARC] Author: Gustav Indrebø
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)


Det kan naturligvis ikke være kommitteens hensigt at
levere nogen fuldstændig fremstilling af de regler, der ved
revisionen bør befølges, men den har i erkjendelse af
sagens nationale betydning ikke villet tilbageholde
ovenanførte bemærkninger, der, som det haabes, tydeligt nok
antyde den vei, der efter kommitteens mening er den
rette.»

Etter eit slikt tilsprang som dette kjem konklusjonen
aat nemndi noko uventa: det aa faa nokor lov-fyresegn
var like vel slett ikkje turvande. Nemndi tykte ikkje det
var turvande ein gong at tilraadingi hennar vart send
fraa Tinget til Riksstyret. Ho tenkte seg, skreiv ho, at
dei vilde taka umsyn til det ho hadde halde fram like
vel.[1]

Odelstinget vedtok nemndtilraadingi samrøystes og
utan ordskifte den 6. mars 1869.

Slik som konklusjonen paa nemndtilraadingi var,
førde denne fyrste umgangen namnesaki hadde i Stortinget,
ikkje beinveges til noko. Like vel er tilraadingi fraa
Konstitusjonsnemndi merkeleg, for det sunne skynet ein finn
der. Munthe hadde — mvkje for di han var praktisk
nøydd til det, men like vel for einsideleg, teke umsyn til
gamalnorsk ortografi. Sameleis var det, um òg i mindre
mun, med P. A. Munch. L. Kr. Daa hadde halde fram
likso einsynt umsynet til notid-uttala. Alle tri hadde
dei dertil — inkonsekvent nok — vore bundne av umsyn
til det gjengelege bokmaalet. Konstitusjonsnemndi i
1868(—69) — lækmenn men praktikarar — dreiv det ikkje ut
i yta i nokor leid. Nemndi gjeng ein veg imillom, og
peikar paa at det er fleire umsyn aa akta paa: umsynet
til uttala i folkemaalet, det stend fyrst, umsynet til det
historiske (etymologien), og umsynet til den nasjonale
einskapen.[2] Det er nettupp dei hovudumsyni som jamt
vil melda seg, og nemndi verdset dei klokt imot einannan.
Dertil løyser nemndi seg, og det er sers markande, i


[1] Stort.-forhl. 1868—69. 9 d., s. 141 ff.
[2] Um eitt og anna av dømi
kann ein fulla ordskiftast (som Lesja—Lesjar; nemndi er sjølv ikkje
doktrinær). Men princippi er kloke.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 18:06:05 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/namneverk/0059.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free