- Project Runeberg -  Norsk namneverk /
144

(1927) [MARC] Author: Gustav Indrebø
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

Kongsdelene i Hurum, Busk.; visst
Landsmarken
i Lunde, Tel. og nokre faae namn til som er
hokynsord; Malle, Sole paa Jæren, for Malla eller
Madl
a, Sola; Torpe i Aal, Hallingdal for Torpo;
Hurum
i Vang, Valdres for Høri.

— Heller mykje ugreide og upædagogisk inkonsekvens
fører det til at ikkje namni paa skulekrinsane i
landet hev fenge ei samla og systematisk uppnorsking.
Desse namni skal nok skrivast paa norsk beintfram
etter den kgl. res. fraa 311 1917; so noko serskilt vedtak
trengst ikkje for kvart namn av den grunn. Men det hev
synt seg at ein samla revisjon — utgaaande fraa
Kyrkjedepartementet — vilde vera ynskjeleg like vel. Serskilt
av umsyn til dei skulekarti som sume fylke no fær seg
kvart yver sitt umraade, vilde det vera praktisk og
pædagogisk. Paa desse fylkeskarti skal namni paa alle
skulekrinsane staa.

Matrikkelen. Den matrikkelen me hev no, er
den som vart prenta i aari 1903—08. For fylki sud for
Nordland vart han ikkje revidera; for heile Sud-Noreg
byggjer han i hovudsak paa kommissjonsmatrikkelen fraa
1886 og er spraakleg radt ufullnøgjande. Jamfør her
framanfor s. 85 f., og utsegni fraa professor Falk i 1907 (s. 108),
og fraa Falk og Hægstad i 1913 (s. 87). Det trengst
mykje um aa faa revidera matrikkelen for Sud-Noreg i ei ny
utgaave, og faa gjenomført dei fyresegnene som er
vedtekne.

Slik som det stend no, er det svært ugreidt med
gardsnamni. Den kgl. res. fraa 311 1917 tel namn paa gardar
upp millom dei som ein officielt allstad skal skriva i
samsvar med princippi i resolusjonane fraa 61 1908 og 311 1917.
Gardsnamni i Nordland og Trums er umvølte i hovudstykke
i samsvar med desse princippi. I Sud-Noreg vert
gardsnamni umvølte etterkvart i samsvar med desse princippi
paa nye detaljkart som kjem ut, og likeins i dei officielle
listone yver poststader og telefon- og jarnvegsstasjonar.
Men dei gardsnamni som ikkje finst anten paa detaljkart
yngre enn 1913 eller i nokor av trafikklistone, hev ikkje

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 18:06:05 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/namneverk/0144.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free