- Project Runeberg -  Norsk namneverk /
161

(1927) [MARC] Author: Gustav Indrebø
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

skriftformene ein hev, er ikkje so gamle at dei gjev
rettleiding: Hammerfest 1594 er det eldste.[1] Men ein kann
merka seg, at garden Hamran i Balsfjord i Trums fylke
kallar dei til dagleg òg «Hammarfest»,[2] og «Hammar-» er det
vanlege i dei gardsnamn i Nord-Noreg som i det heile hev
ordet hamar i fyrstelekken; i dansketidi er dei skrivne
Ham(m)er-.[3] I notidi kjennest i alle høve «Hammerfest»
som ei fordansking. Det rimelegaste torde vera aa skriva
Hamarfes
t. Professor Hægstad fyreslo Hamarfest i
tilraadingi i 1918, og det namnet hev vore noko nytta i
nynorsk.

Vadsø. Upphavleg øynamn. Namnet er uppskrive
fyrste gongen, det me veit, i 1520 (fordanska): Vasthøen.
Seinare: Vaadsøenn 1567. Wassøen, Wasøe 1686. Store
Vassøe ca. 1694 osb. Det svarar til gamalnorsk Vatsøy.
Vats- er eigeform av vatn, og øyi hev visst namn av at det
hev funnest eit vatn utpaa der.[4] Namnet bør rettast, og
ein kann høveleg skriva Vatsøy. At byen no ikkje ligg
paa nokor øy, av di han hev flutt yver til fastlandet, er
ikkje nokon grunn her heller imot «øy» meir enn imot «ø».
Alt «Fedraheimen» sist i 1870-aari skriv stundom Vatsøy,
som òg professor Hægstad fyreslo i 1918.

Vardø. Og upphavleg øynamn. Øyi heitte fyrst
Vargø
y, av ordet vargr m., som tyder varg, ulv, di
næst tjuv, røvar, fredlaus mann. Men dei fekk tidleg ein
varde
med vakt paa øyi, — det er ikkje so langt ifraa
grensone for det norske riket. Og so kom upp eit nytt
namn: Vǫrð(uy, av ordet varða f., varde, i
eigeform vǫrðu.[5] Ein skrivemaate svarande heilt til
gamalnorsk Vǫrð(u)øy finn ein fleire gonger i det 16.


[1] Ein torer ikkje heller taka rettleiding av citatet fraa 1877 i N.
Gaardn. XVIII, s. 123, som i tilfelle helst skulde ha tala for
Hamrafest
r.
[2] N. Gaardn. XVII, s. 131.
[3] N. Gaardn. XVIII, s. 147. XVII,
s. 114. 151. XVI, s. 12. 120. 150. 166. 195. 239. — Ein kann òg minnast
skrivemaaten Hammersport 1658 for sjølve bynamnet (N. Rigsreg. XII,
s. 151). Hammers- er eintal. Noko vekt torer ein like vel ikkje
leggja paa denne skrivemaaten.
[4] N. Gaardn. XVIII, s. 277. 318.
[5] N. Gaardn. XVIII, s. 301. 318.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 18:06:05 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/namneverk/0161.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free