- Project Runeberg -  Norsk namneverk /
175

(1927) [MARC] Author: Gustav Indrebø
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sider ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has been proofread at least once. (diff) (history)
Denna sida har korrekturlästs minst en gång. (skillnad) (historik)

Uppstryningar; vidare [hjaa] hestehandlarar serleg fraa Breimn og
eplehandlarar fraa Gloppa og andre stader.» Dei
upplysningane som lektor Ryssdal gjev her um i kva høve formi
Trandeim hev halde seg lengst, svarar til upplysningar
ifraa ymse andre bygder òg. — Fraa Sunnfjord kjenner
ein Trannem (Vevring) og Trandem (Jølster).[1]
Fraa Leikanger i Sogn er uppgjeve Trandeim, i
samansetningi «Trandeimskvedna[r]». Men formi er ovleg
lite kjend og mesta burtgløymd no.[2] — Fraa Seim i
Nordhordland kjenner me Tranneim; gamle folk sagde t. d.
«Tranneimsstein», «Tranneimar», «Tranneimsakkevit». Men
der og er den gamle bygdemaalsformi gjengi or bruk og
held paa aa verta gløymd.[3] — I Sunnhordland høyrer ein
Tråndei
m.[4] I Skaanevik i Sunnhordland er ein gard
som heiter Trondeim. Det er same namnet som bynamnet.
Det namnet òg uttalar dei Tråndeim; det hev vore
skrive Trundhiemb (1610), Trundhiem (1668. 1723) — plent
liksom bynamnet.[5]

Endaa til i bygder som ligg langt burte, ikkje berre
fraa byen men òg ifraa ferdarutor til byen hev det halde
seg former som skil seg fraa skrifti. Fraa Telemark er
soleis formi Trandeim vel avheimla. I eldre tid var
Trandeim daglegtale-namnet, skriv ein kunnig granskar i
Telemarks kultursoge.[6] Ei sylgje som dei hev havt i
Telemark (og Sætesdal) og hev sumstad enno, kallar dei
framleides for Trandeims-sylgje («Trandeimssygje»).
Sylgja er mest kjend i Vesttelemark, og i bygder der ho


[1] Upplysningi fraa Vevring er etter professor N. Gjelsvik. Han
kjenner formi Trannem fraa samansetningi «Trannem-steina»;
soleis kalla dei til no nyleg kvernsteinar som kom ifraa Selbu yver
Trondheim, i motsetning til «aafyrdske» (aafyrdskor), kvernsteinar
som kom ifraa Aafjorden. Elles segjer dei «Tronjem» etter skrifti
no i Vevring. — Paa Jølster òg er det «Trandem-steinane» som dei
hugsar att no (lærar Eirik Hjellbrekke).
[2] Upplysning fraa avlidne Olav
Sande, Hermansverk, i brev.
[3] Upplysning i brev fraa Einar Seim,
no i Kinn, og fraa furer Ole Lie, Seim, gjenom Einar Seim.
[4] Etter
stortingsmann Knut Markhus.
[5] Norske Gaardnavne XI. s. 51.
[6] Rikard Berge, Norsk Bondesylv sp. 352.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 18:06:05 2023 (aronsson) (diff) (history) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/namneverk/0175.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free