- Project Runeberg -  Martin Luther /
4

(1917) [MARC] [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Martin Luther

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 4 -

ovra seg, alle varor vart dyrare, skattane auka, —
og det gjekk alt i hop ut yver bøndene. Det var
bonden som maatte slæpa for dei hine; land-adelen,
som heldt paa aa missa si magt, tok att sin mun
hjaa bøndene sine.

Det var ikkje for ingen ting at Luthers far snudde
ryggen til bondeheimen og vart bergmann. Det
var smaatt med levemaaten heime; bergverki baud
paa ljosare voner. — Den segni er *ikkje sætande
at Hans Luder laut røma fraa heimbygdi for eit
draap, — endaa ætti hadde ord paa seg for aa vera
fæl til aa slaast: dei høyrde til dei frie saksiske
sjølv-eigarane, sjølvbvrge, stridshuga, vane med aa
verja seg; og Hans Luder var heile sitt liv rak i
ryggen, kor mykje bergverks-arbeidar han vart. Men
det som dreiv han fraa fedra-jordi var berre sorgi
for utkoma. Nygift var han, og laut tenkja paa
levebrødet. Soleis kom han til Eisleben, der Martin
vart fødd (lode november 1483), og derifraa til
Mans-feld, der Martin voks upp.

Det hev vore skrive mykje um barneheimen til
Luther. Sume hev gjort barndomen hans til eit
helvite av rædsla. Andre hev meint at han levde
ein lukkeleg barndom. Sanningi ligg vel midt
imillom. At Martin Luther kjende barnegleda baade
ute i Quds frie natur og saman med mor og systkin
i heimen, det feil av seg sjølvt: han aatte sans for
livs-gledone, og han levde eit friskt landliv med
ku og geit og fuglesong i skog og mark; a!dri
gløymde han gleda i naturi; ho sette merke i Luther
for heile livet. — Men paa den andre sida var
barneheimen hans i Mansfeld so myrk og streng, at
gut-ungen maatte leva kvar dag i otte og age; og det
sette og merke paa han for heile livet. — Folk var
strenge mot borni den tid; so det var ikkje noko
sers at det gjekk med juling kvar einaste dag. Men

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:03:33 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abmluther/0006.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free