- Project Runeberg -  Martin Luther /
7

(1917) [MARC] [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Martin Luther

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 7 -

usæl. Visst kunde han rista det av seg og gløyma
det heile; men det var berre som eit plaaster paa
eit u-lækt saar: det braut upp att allstødt. Han
skolv for faren, — kor mykje meir maatte han ikkje
skjelva for Gud? fanst det nokon veg aa koma
undan Guds dom?

Like vel meinte Hans Luder alt til det beste:
sonen skulde fram i verdi. Daa inntektene auka,
kom Martin paa skule i Magdeburg og so i
Eisenach. Fjortan aar var han daa han soleis slapp ut
or barne-tvangen og kom ut paa eigi hand.

Stakars gut! han vilde gjerne opna hugen for alt
det rike liv som strøymde inn paa han, baade i
kunst og natur og folkeliv. Magdeburg var stor-by
mot Mansfeld, erkebispesæte med ei herleg
dom-kyrkja; Elben gjekk med velduge straum-baaror
attmed byen, og rundt ikring laag flat-lendet med
mykje vidare utsyner enn heime i fjell-bygdi.
Sjølvsagt var det herlegt aa koma ut i verdi. Men —
men — det sannar seg hjaa den halvvaksne Martin
Luther det me røyner urnatt og urnatt: streng
barne-tukt kann ala upp eit sjuklegt samvit, som kjenner
seg rædd og gjer seg ilt av alt. Det er synd paa
slike bom som ikkje hev lært aa takka Gud for
kvar ei gleda, men alltid fæler for at Gud stend
paa lur og vaktar p^ia kvar minste synd, ferdig til
aa døma og fordøma syndaren. Me kjenner alt for
vel til sovorne forskræmde stakarar, som aldri kann
kjenna seg born i huset, men hev »levt under
trældom" heile si barndoms-tid. Eitt av tvo: anten
tek dei sin mun att og kastar seg ut i villskap og
raaskap, eller (og det gjeld dei finaste hug-lynde)
dei fær aldri pusta fritt ut, men gjeng der klemde
av vondt samvit for alt og ingen ting, vesle-vaksne
og heimlause.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:03:33 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abmluther/0009.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free