Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Martin Luther
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
— 16 -
han saag seg sjølv i domedags-ljos som eit
djevelens barn. Det saare samvitet hogg og piska han,
det var reint som ein lette naar han tok svipa og
piska og hudflengde kroppen sin. Han fasta og
bad og søkte trøyst i bøkene. Men alltid fann han
tukt i staden for trøyst, dom i staden for naade.
Qud var langt burte, og frelsaren var berre ein
rettferdig kravs-mann med augo som elds-logar. —
Det vart ikkje betre daa prøveaaret var ute; det
vart ikkje betre daa han i 1507 vart vigd til prest.
Heller verre. Alt det han fann paa, like lite
muna det.
»Kunde noko sinn ein munk koma i himmelen
ved munkeskap, so maatte eg ha kome dit," segjer
han sjølv seinare. So freista han med heilagmenni,
hadde ei og tjuge sovorne verje-aander som han
ropa paa etter tur. Han bad bøner i hundradvis.
So tok han til skriftestolen, og la’fram alle synder
og lyte, baade røynlege og innbillte, og fekk høyra
ordet um Guds tilgjeving. — Men so kom dei
teologiske meinkrokane og skipia det heile. Den
tyske nominalisten Gabriel Biel hadde lært
augustinar-teologane at menneskja lyt sjølv heilt og fullt hata
og angra syndi; elles muna absolusjonen ingen ting.
Ja daa ramla det i hop for Luther att: det vanta
forfælande mykje paa at han angra og hata syndi
heilt. Der andre slo seg til ro, og vona at »Gud
tek viljen i staden for verket," — der stod Luther
med sitt saare samvit hjelpelaus dømd av
sannings-kravet.
Inn-imillom fekk han ein glytt av Guds naade,
og det var vel det som heldt voni uppe midt i
vonløysa. Ein av brørne viste han til daaps-pakti
og trudoms-ordet »eg trur tilgjeving for syndene";
og ein annan munk gav han det trøyste-ordet: det
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>