- Project Runeberg -  Martin Luther /
26

(1917) [MARC] [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Martin Luther

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 26 -

Riksdagane reiste bust. Bøndene kunde setja upp
naar kravi fraa Rom var reint utor maaten (soleis i
1502 i Rhin-landi). Det hende at prestar aatvara
folket mot avlaats-handelen; det var faarlegare enn
alt anna; for det gjekk ut yver pengepungen. Men
Tyskland var kløyvd. Fyrstar og folk heldt ikkje i
hop. Og »kyrkja" raadde grunnen. Folk let seg
narra. Det var ein makleg maate aa gjera bot paa.

I mange byar tok dei imot avlaats-kræmaren som
det skulde vera Vaarherre sjølv: dei ringde med alle
kyrkjeklokkor, dei førde han i festleg ferd med
fanor og kjerte-ljos og song og fagna-rop gjenom
gatone inn i kyrkja under brus fraa orga.

Kurfyrst Fredrik stengde Sachsen for Tetzel. Men
han heldt krambud straks utanfor landeskilet, og
mange sachsar kom ut og handia med han.

Luthers 95 setningar er den tyske folkeaandi som
reiser seg mot romar-öket, samstundes med at
er-vingen veks ifraa formyndarskapen under »kyrkja":
»Paven kann ikkje tilgjeva synd; han kann berre
forkynna Guds tilgjeving." »Kvart menneskje maa
gaa umvendings-vegen sjølv, og den varer heile
livet." »Kvar angrande kristen vert fri for straff og
skuld — av naade, han treng inkje avlaats-brev." Den
aandelege arven etter heilagmenni vilde Luther ikkje
avdøma; men kyrkja eig ein større kapital i
evangeliet um Guds naade; og det er nok. So varsam
er Luther enno, at han vil ikkje vanda sjølve
av-laatet, heller ikkje skirselden eller noko onnor
kyrkje-læra. Men han tolkar alle ting aandeleg: det munar
inkje aa smyrja kristendom utanpaa, eller putta
kristendom i lumma.

Det er dette som gjer helgemess-aftan 1517 til
eit tid-skifte i soga: samvitet reiser seg mot
sam-vitsløysa; religion vert ei hjarte-sak i staden for ei
retts-sak, aand i staden for bokstav, sjølvstendigt

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:03:33 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abmluther/0028.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free