- Project Runeberg -  Martin Luther /
33

(1917) [MARC] [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Martin Luther

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 33 -

verta forbodi, fatig-stellet skikkeleg tilskipa. Heile
skulestellet fraa øvst til nedst skal ha bibelen til
midpunkt. Universiteti, desse »store
helvites-por-tane", skal støyta ned Aristoteles og kasta yver
bord mengdi av teologiske verk". Det var
rot-velting som ropa or vegen. Ein kunde mest missa
pusten, so som han køyrer paa alt i eino. Fyrste
upplag (paa 4000) var utselt paa faa dagar; nye
upplag fylgde. Han hadde sjølv ei kjensla av at
han bles i Jeriko-luren, so romanist-murane maatte
detta. Bokprentar-kunsten fær denne venda tena
frigjerings-arbeidet.

Bann-bulla mot Luther avdømde 41 setningar av
honom, og baud at alle Luthers skrifter skulde verta
brende.

Luther tok sin mun att og skreiv um » Antikrists
bulla". Og daa bøkene hans vart brende i Løwen
(Louvain), la han likt imot og brende pave-bulla
og fleire andre paveskrifter. Soleis synte han at det
var ikkje kyrkja som støytte ut han; det var han
sjølv som braut med Rom.

Spursmaalet var no kva kurfyrst Fredrik vilde
segja. Han kom i beit med bannbulla; det var kje
greidt aa ikkje lyda paven. Men han raadførde seg
med Erasmus. Og daa han spitig gat um at Luther
hadde forsynda seg tvifelt ved aa snerta pavekruna
og munkemagen, so smilte den gamle vislege
kurfyrsten og valde aa staa paa Luthers sida.

Hutten vilde slaa til og lata sverdet gjera av
striden; han hadde tenkt ut store planar i so maate.
Men Luther baud imot: med ordet er verdi
yver-vunni, med ordet er kyrkja uppehaldi; ved ordet
skal ho vinna att-ende til det ho ein gong var.
Det lyder som mobilisering av „sandhedens armé":

Martin Luther.

3

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:03:33 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abmluther/0035.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free