- Project Runeberg -  Martin Luther /
35

(1917) [MARC] [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Martin Luther

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

— 35 -

stane i Tyskland fylgde den retts-vegen. I
hand-festingi hadde endaa keisaren lote godkjenna den
lovi: ingen vert lyst utlæg, anten han er høg eller
laag, utan lovlegt forhøyr.

Smaatt um senn hadde dei aalmenne kyrkjemøte
vorte som ein europæisk kongress der keisaren var
sjølvskriven formann, der vitskapsmenn og
presteskap og adel gav raad og hadde røysterett. Eit
tysk kyrkjemøte fall daa um lag saman med ein
tysk riksdag. Soleis kom det merkelege framlegget
at Luther skulde inn for riksdagen i Worms. Det
var i Wittenberg denne spildrande nye tanken ovra
seg, og kurfyrst Fredrik tok han upp. Det vart ein
seig diplomat-strid millom lian og pave-mannen
Aleander. Det galdt grunntankane um keisarmagt og
pavemagt, eller rettare: det er stats-tanken som kjem
upp med krav paa full husbonds-rett (suverænitet)
ubunden av pave-veldet. Det er soleis eit
stor-hende i heimssoga naar Luther møter for keisaren
og riksdagen; det er staten som vil greida jamvel
med kyrkjelege spursmaal. Og kurfyrst Fredrik skal
ha største æra her. Han gjer same fagnaverket for
Luthers reformasjon som namnen hans, Kristian
Fredrik, for Norigs sjølvstende i 1814: han vaagar
kruna si og set alt sitt inn paa aa stydja
fridoms-arbeidet med statsmanns-kunst.

Det var ved dette høvet Erasmus sa dei ordi:
„Sanningi vert ikkje døyvd, jamvel um dei fær
døyvt Luther."

Riksdagen i Worms hadde fram mange klagemaal
baade for paven og for keisaren. Folkemeiningi
var i det heile paa Luthers sida. Men det var ikkje
visst aa vita kva stor-bukkane kunde finna paa. Det
kunde gaa med Luther som det gjekk med Huss.
Luther hadde fenge full trygd av keisaren; men

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:03:33 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abmluther/0037.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free