Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Martin Luther
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
— 40 -
nying av den gamle kristendom paa nasjonal grunn.
Hans og Grete kunde sjølve lesa kva Våarherre hev
sagt, so dei kunde staa sjølvstendige i si kristen-tru
utan aa spyrja lærde folk etter vegen. Dette
demo-kratisk-nasjonale drag i Luthers livs-verk kann me
ikkje verdsetja høgt nok. Teologane vert ikkje
eine-herrar i kristendomen, det aalmenne prestedømet
vidar seg ut ogso til bibel-studiet. No kann alle sjaa
kor gale „kyrkja" hev fare: lære-setningane kjem
under aalmenn kritikk, med bibelen til grunnlag.
Men medan Luther sit paa Wartburg, tek dei til
aa gaa berserk-gang i Wittenberg. Professor
Karl-stadt tok styret, eller let seg styra av straumen:
vekk med alle katolske skikkar! vekk med
messe-klædi! vekk med bilæte i kyrkjone! Dei aat kjøt i
faste-tidi; dei gjekk til altars „paa evangelisk vis",
d. v. s. fekk baade brød og vin; jamvel smaa-born
var med til altars; etterpaa hende det at altargjestene
slost med katolikane og plundra prestegardane.
Munkar og nonnor rømde fraa klostri, og gifte seg,
— det var eit stormver som sopa alt det gamle
burt; men det gjekk so mekanisk og aandlaust, at
Luther vart forfærd: det var ikkje Guds Ande som
kom til synes her.
Endaa verre gjekk det til i ein liten by Zwickau.
Det for ikring ein flokk „profetar", glo-beitlar, som
bruka vald mot den katolske gudstenesta og trakka
paa mykje av det gamle heilage. Desse „profetane"
vilde jamvel skuva til sides sakramenti, bibelen og
all kyrkjeleg orden; for dei aatte den Heilage Ande
og fekk beinveges openberringar fraa Gud.
Karlstadt vart paaverka av Zwickau-profetane. Og
ugreida i Wittenberg auka, so Luther laut heim att,
Han preika i aatte dagar mot „svermarane".
Han kravde i namnet aat samvits-fridomen at
ingen skal bruka vald mot annan-manns yvertyding;
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>