Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Frå kristenliv i Risør i 70- og 80-åri. Mest etter personlege minne frå barndom og ungdom
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
17
«menighets -ansøkning» frå mange av venene hans:
dei peika på at dei flokane som Paul Wettergreen
hadde skapt kravde ein lokal-kjend sokneprest, med
røynsla til å greia vanskane.
Alver var ein vel ut-styrd mann, høgvaksen,
vel-talande, musikalsk, intelligent. Men selskapslivet i
Risør slukte myk.je av hans interessor. Sjölv tolde han
myk.je av sterk drykk, so ingen kunde seg.ja han drakk
seg full; men med i fylle-lag var han.
Arnesen tok seg broderleg av Alver, fekk han
med på misjonsmøte, kveikte hans theologiske og
kyr-k.jelege interessor, og freista draga han inn i eit anna
miljø. Arnesen var elev av Gisle Johnsen; han kalla
ogso ein av sønene sine Gisle. Men Arnesens
kyrkje-syn hadde vida seg ut etter kvart, so han såg større
på statskyrkja, og trudde ho hadde ei stor gjerning å
g.jera i folket.
Mange kristne i Risør, som hadde Wettergreen til
mynster, kunde lite med Arnesen. «Ein kan no sjå
at han er ingen kristen ! han gjeng so fort!» Ei kona
som elles heldt av Arnesen, sa ein gong: det var
mer-kelegt med Wettergreen ! han trong ikkje til å gå
spaser-turar heller han!
Her var myk.je dømesykja millom dei kristne i
Risør og Sunneled. Og dei dømde helst etter det ytre:
ein kristen laut helst gå langsamt, med lutande hovud,
måtte snakka lågt og stilt med sut i røysti! kvinnone
måtte ikkje bruka hatt, men «kyse»; dei måtte ikkje
ha «plissé» eller kappe på kjolane sine ! ein såg dei
sopa gatene med sine fot-side slette kjolar, medan
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>