- Project Runeberg -  Frå kristenliv i Risør i 70- og 80-åri. Mest etter personlege minne frå barndom og ungdom /
21

(1938) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Frå kristenliv i Risør i 70- og 80-åri. Mest etter personlege minne frå barndom og ungdom

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

21

Same hausten kom biskop Jørgen Moe på visitas
både i Sunneled og i Risør. Han var veik : orka ikkje
stå eller gå på kyrkjegolvet, laut sitja på ein stol,
som presten flutte etter kvart, medan han samtala
merl ungdomen. I Frydendals-kyrkja tok han «dåpen»
til emne. i Risør-kyrk.ja «nattverden». Eg minnest
enno han sa um df>n Calvinske nattverd-læra : at
natt-verclsgjesten, medan han åt brødet og drakk vinen
her på jordi. laut svinga seg sjeleleg upp til
himmelen for å få Jesu lokam og blod ! men stakkars oss
jordbundne syndarar! kor kunde me greia slik ei
himmelferd ?

Ved visitas-møtet la han bedehus-folket på hjarta
å sk ilja lag med dei frikyrkjelege, for orden skuld.
Og det kom snart til uppgjerd.

Nett den hausten kom Paul Wettergreen med ein
strids-hanske til statskyrkja. Han heldt foredrag
yver Johannes’ Openberring og gav dei ut på prent.
Der kalla han statskyrkja «den store skjøkja», og sa
at preste-bunaden for altaret bokstavleg var klædi til
skjøkja; ho var klædd i purpur og skarlak! det var
messe-hakelen han sikta til. Ved hjelp av seinare
biskop A. Chr. Bang fekk far greia på at messehakelen
skriv seg heilt frå den eldste kyrkja og er ein arv fra
øvsteprestane i det gamle testamentet. Far skreiv ein
brosjyre mot sin gamle ven um dette. Prost Arnesen
tok til å halda bibellesingar på Risør bedehus den

eit menneske ut for so mykje ilt. Men tråss i alt levde
Arctander og frua sin alder ut. Frua hev skrive bøker; ho
var eit intelligent menneske. Den lukkelegaste tidi i sitt
liv hadde dei visst her i Risør.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:03:54 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abrisorliv/0023.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free