- Project Runeberg -  Frå kristenliv i Risør i 70- og 80-åri. Mest etter personlege minne frå barndom og ungdom /
29

(1938) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Frå kristenliv i Risør i 70- og 80-åri. Mest etter personlege minne frå barndom og ungdom

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

29

baptizein ((løypa) på gresk slett ikkje tarv tyda
«dukka under»; det vert brukt um å vaska benker! «og
benkene dukkes ikke under, det vet hver vaskekone,
-.a Lunde.

Meir gjorde kaptein Stiansen av seg med sitt
personlege vitnemål: de veit det vilde vore ein personleg
vinning for meg å gå inn i baptist-samfundet (kona
hans var baptist); men han kjende seg bunden av
Guds ord.

Skrift-ord vart halde upp mot skriftord i dette
ordskiftet. Det var meste som dei brukte bibelord
til å dunka kvarandre i skallen med! i grunnen so
profant! og i grunnen so nyttelaust! Eg høyrde
ikkje gjete at ein einaste ein vart umvend ved dette
ordskiftet på Risør bedehus som heldt fram i fem
kveldar. Men eg minnest Arnesen og Broddy skildest
hjarteleg. «Vi to skal møtes i himmelen vi», sa
Arnesen. Ja, svara Broddy; han gav eit vinnande bilete
av ein varm kristen. Nei striden um barnedåpen
stikk djupare enn i teologiske meiningar. Noko av
det mest råkande som er sagt um den striden er det
ein landskjend mann skriv: «Når jeg tenker på
hvorledes de lærde herrer tar på sig sine briller og vil
avgjøre hvad som foregår i et lite barnehjerte, da får
jeg en vanhellig fornemmelse av at Guds engler drar
på smilebåndet! det skulde forbydes de lærde herrer
å befatte sig med slike spørsmål! det skulde overlates
til en troende mor, eller til en dikter av Guds nåde».
Synet på barnedåpen svingar millom mystikk og ra-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:03:54 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abrisorliv/0031.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free