- Project Runeberg -  Frå kristenliv i Risør i 70- og 80-åri. Mest etter personlege minne frå barndom og ungdom /
33

(1938) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Frå kristenliv i Risør i 70- og 80-åri. Mest etter personlege minne frå barndom og ungdom

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

33

til velsigning for Påsør. Bedehus-styret talde ogso til
å g.jeva Lunde det løyvet han søkte um «på Betingelse
af at den indre Missionsforenings Eiendomsret ikke
kommer til at lide nogen Indskrænkning ved den
påtenkte Indredning.» I generalforsamling 18. mai
bad dei Lunde få eit anna lokale til song-øv
inga n e «da man ikke fandt at Læseværelset var noget
passende Sted for at indøve verdslige Sange». Lunde
g.jekk viljug med på det. Og dermed vart søknaden
samrøystes sletta.

Men fritt var det ikkje at Lunde kjende mistillit
og mistanke. Og då han bad um bedehuset til fest for
«menighedsforeningen», fekk han .ja med vilkår.
Det hadde nemleg hendt at songkoret hans på ein
so-voren fest på bedehuset hadde sunge Södermans
bond-brøllop, der dei jamvel spela upp til dans! Det var
sjølvsagt at d e t fall bedehuset-folket tungt for
bringa. Men far fekk styret til å seg.ja .ja, på vilkår at
bedehuset vart nytta etter si meining. Røyrlegg.jar
Abrahamsen, som den gong var millommann millom
Lunde og bedehuset, skulde bera fram svaret. Til å
trygda at han mintest ordi, skreiv lærar Kittelså på
ein lapp : «forventende at huset blir brukt efter sin
bestemmelse». I staden for å segja dette munnleg,
flidde han Lunde lappen! Lunde anka seinare yver
«bedehus bestyrelsens juridisk-seminaristiske lapp».
Løyvet nytta han seg ikkje av. Men den vesle saki fekk
eit syrg.jelegt etterspel i 1884.

Lundes plan med læseværelset vart heller aldri

3

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:03:54 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abrisorliv/0035.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free