- Project Runeberg -  Frå kristenliv i Risør i 70- og 80-åri. Mest etter personlege minne frå barndom og ungdom /
36

(1938) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Frå kristenliv i Risør i 70- og 80-åri. Mest etter personlege minne frå barndom og ungdom

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

36

gjekk ut or statskyrk.ja, bede Gud visa han vegen ved
eit teikn: dersom han vart nekta nattverden i
stats-kyrkja, var det Guds vilje han skulde melde seg ut.
I millomtidi hadde Juell vorte so kyrkjeleg at han
jamvel var med og nekta Wettergreen bedehuset til
ein frikyrkjeleg konfirmasjon (det var 1 1881). Men
no kom han i hug det han hadde bede um: her var
teiknet!

Anker freista syna -Juell at Lundes bannlysing var
heilt ulovleg; ho stod berre for Lundes private
rekning. Prost Arnesen som på embets vegne burde ha
gripe inn, kvidde seg for å koma i strid med Lunde,
so mykje meir som Arnesen nett i dei dagane vart
utnemnd til sokneprest på Kongsberg. Juell gjekk til
frikyrkje-forstandar Pedersen og bad um råd. Dei
skulde få svar i Bibelen, meinte Pedersen: dei let
Bibelen opna seg på slump ! Og då dei las den sida
som kom upp, stod det : Saulus frøste av trugsmål
mot Herrens læresveinar (Apgj. 9, 1). Det var svar
frå Gud: Lunde var Saulus! Juell skreiv seg ut.
Han vart til stor studnad for frikyrkja både åndeleg
og økonomisk.

Det er merkelegt at ikkje so svært mange fylgde
han: likesom det var merkelegt at ikkje fleire fylgde
Paul Wettergreen då h a n gjekk ut. Det viser den
trufaste og tolmodige karakter hjå vårt norske
kristenfolk. Heile bedehusstyret og bedehusfolket i det store
og heile vart standande i statskyrkja. Det er ein
heilag arv frå Hans Nilsson Hauge dette, at dei
kristne skal ikkje skilja seg ut, endå um dei lid vondt.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:03:54 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abrisorliv/0038.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free