- Project Runeberg -  Frå kristenliv i Risør i 70- og 80-åri. Mest etter personlege minne frå barndom og ungdom /
39

(1938) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Frå kristenliv i Risør i 70- og 80-åri. Mest etter personlege minne frå barndom og ungdom

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

39

folk lett kunde fylgja tankane hans og minnast ordi
hans. Han vart veldig populær.

Det var jamt hugnad å vera i lag med Håkonsen.
Ilen fekk samtala i gang, friskt og naturleg. Kva
som holst fekk han snutt til lærdom og uppbygg.jing.
Dei fryda seg mange då dei etter middag på Moen ved
eit misjonsmøte g.jekk ut i hagen og åt rips, og
Håkonsen straks kom med profet-ordi: f’ederne åt sure bær,
og barna fekk såre tenner!

På misjonsmøti fekk han jamt i stand ei
«folkevandring» til ofring. Han sette folk i stemning til å
ofra. Han kunde den kunsten å få opna pungane:
når du opnar pengepungen din, og ser det ligg ein
ö-kroning og ein 10-kroning, so ta 10-kroningen! det
vil g.jera deg d u b b e 1 glad. Det var utruleg kor
mykje det kom inn ved dei ofringane Håkonsen sette
igang. Eg gløymer ikkje eit missjonsmøte i Dybvåg
då folk g.jekk små-Iæande kring bordet og ofra, Paul
Wettergreen g.jekk tvikroka, slik lo han ! alle kom i
godlag.

Sjølvsagt fekk folk Håkonsen til å søkja Sunneled
soknekall. Piiksrettsdomaren Ola Lindstøl gjorde seg
niykje fyre for å få Håkonsen utnemnd. Men Elias
Blix, som var kyrkjeministar, peika ut ein som var
eldre. Då telegrafera Lindstol til Jakob Sverdrup i
Stockholm. Kongen kom til Oslo. Tilrådingi frå Blix
vart umgjord, og Håkonsen utnemnd. Lindstøl peika
i sitt telegram på frikyrkje-rørsla: fekk dei ikkje
Håkonsen, vilde mange i Sunneled mekla seg ut. Truleg
vog ein annan grunn likeso tungt for Lindstøl: flest-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:03:54 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abrisorliv/0041.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free