Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Frå kristenliv i Risør i 70- og 80-åri. Mest etter personlege minne frå barndom og ungdom
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
41
noko av eit sidestykke til Garborgs «Trætte mænd»
for so vidt. Tråss i det som var trist, tykkjer eg det
er verdt å minnast Grung.
Det kom ei vekkjings-tid både i Risør og
Sunne-led, serleg på Krana. Vetteren 1885—1886 hende det
dei heldt vekkjingsmøte kveld etter kveld. Det g.jekk
med personleg påverknad, der dei tok ein for ein, og
meste vilde tvinga dei på kne. Eg minnest e i n kveld
Håkonsen fekk halde fram kor viktigt det er å vera i
e i n r o m med Jesus. Den kvelden hadde surne etla
seg til å få i stand eit veldigt storm-møte med
på-gåande samtale med dei ein sk ilde. I staden for det
kom det fleire sunne og djupe vitnemål; det vart eit
stilt og godt møte. Men ein av dei fanatiske kristne
sa : eg er ikkje nøgd med dette møtet, det hev vore
for myk.je Guds ord og for liten personleg påverknad.
Det var den svenske vekk.jings-talaren Franzon som
hadde teke til her i landet med den metoden til å få
folk umvende. Eg veit eit karakteristiskt døme på
Franzons framgangsmåte i ein av grannebyene. Han
arbeidde på eit møte lenge med ei ung gjenta; han
fekk henne på kne, og bad med henne ! so spurde han :
ser du Jesus? Nei, sa gjenta. So måtte dei på kne
ein gong til. Ser du Jesus no ? Nei. Ja so på kne
att! Til sist g.jekk ein ålvorleg kristen burt til
Franzon, la handi på aksli hans og sa : la no den
stakkars g.jenta i fred! «Å, Satan er her!» skreik
Franzon. «no må alle på kne og driva Satan ut».
Vekk.i ingi på Krana den vetteren hadde sine veike
sidor. Men stort set trur eg ho var til velsigning for
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>