- Project Runeberg -  Frå kristenliv i Risør i 70- og 80-åri. Mest etter personlege minne frå barndom og ungdom /
48

(1938) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Frå kristenliv i Risør i 70- og 80-åri. Mest etter personlege minne frå barndom og ungdom

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

48

til Joh. F. Juell med den openberringi at Juell skulde
g.jeva henne ei større penge-gåva, svara Juell: ti stille,
Kaja ! nu kjenner vi dig !

*



Då biskop Smitt kom på visitas i 1887 kom han i
ordskifte med Lunde nm sume spursmål. Håkonsen
fekk vellæte av biskopen for si klåre og heilhuga
forkynning. Men elles vart Håkonsen meir og meir
stereotyp; mange sa dei kunde preikene hans; han kom
aldri med noko nytt. Lunde derimot var alitid frisk,
aldri gamal. Det var eit under at han kunde tala frå
same preikestolen palmesundag. skirtorsdag,
langfredag, fyrste påskedag, og andre påskedag — like frisk
og ny. So intenst arbeidde han med preikene sine.
Han fortalde sjølv: tro mig! jeg får mere til mine
prekener hos Holberg og Shakespeare enn hos noen
teologisk kommentar. Han bygde for det meste up])
preiki si frå fyrst av etter historisk-logisk tolkning
teksti; og so andre helvti slepte han seg laus. Det er
visst ål-kjent at han i Oslo sa til Niels Hertzberg:
første halvdel av prekenen studerer jeg; andre halvdel
overlater jeg til den Helligånds inspirasjon: og at
Hertzberg svara : må jeg då gi Dem min kompliment;
Deres halvdel er meget bedre enn den Helligånds ! Eg
er ikkje samd med Hertzberg. Visst nok kunde Lunde
segja ting som var minder vel gjenomtenkte sume
tider. Men andre helvti var alltid h j a r t e-o r d e t,
der Lundes store hjarta og romsame vidsyn kom til
sin rett. Det var gjestebod å sitja under Lundes
prei-kestol: Han tok alt so menneskjelegt og einfelt. Og

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:03:54 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abrisorliv/0050.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free