Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Nokre ungdoms-minne frå 80- og 90-åri
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
27
som Heuch kalla han, ein intelligent og kunnskapsrik
og elskverdig mann, men heilt bunden i det gamle
system. Eg kom elles godt ut av det både med han
og med det konservative lækfolket i Arendal. Dei
tilgav meg mine radikale synsmåtar. Prost Irgens var
ei tid nemnd som bispe-emne. Men han var altfor
negativ; «der er intet nytt under solen,» var hans ordtak;
alle nye rørsler dømde han: det var jo likedan da og da;
men det viste sig å være en feiltagelse.
Tidt fortalde han meg i vika dei tankane han
arbeidde med til sundags-preiki. Eg sa med meg sjølv
då eg høyrde preiki um sundagen: Kunde du ikkje
sagt det likso friskt som du sa det til meg i vika?
No vart det jamt sveipt inn i form-fullenda ordlag,
so ingen tok det til seg. Men eg laut alltid ha vyrdnad
for han.
I selskapslivet freista han jamt å få salt i samtala.
I eit herrelag, der tollinspektør Christensen (Kiellands
«kammerherre Delphin» i «Arbeidsfolk») ogso var til
stades, fortalde Irgens ei soga frå Bergen um konsul
Carl Konow som sa beint ut til krunprins Carl i 1859:
«Deres kongelige høihet bør ikke banne! De gir derved
det folk De skal regjere et dårlig eksempel.» Carl svara:
«Du skal ha takk som sier det bent til mig.» Men
Christensen hogg inn: «Det var uforskammet sagt!
Og kommer noen til mig med slikt, så kaster jeg ham
ut for trappen.» Alle skyna det var eit trugsmål mot
Irgens.
På tollbua var ein eldre tollmann den einaste som
våga tala fritt med Christensen. «Si mig, tollinspektør,
hvad er det mellem Dem og prosten?» «Mellem mig
og prosten? Ingen ting!» «Hm, jo, inspektør! Jeg
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>