Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- Nokre ungdoms-minne frå 80- og 90-åri
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
29
Ja til Hognestad sa han ein gong, då Hognestad
greidde ut kvifor han nytta heimemålet: «Var jeg i
Deres sted, vilde jeg gjøre akkurat det samme!»
*
Biskop Heuch var utruleg elastisk. Han kom aldri
i eigenleg kontakt med professor Petersen. Han sa
tidt til oss: «Det er Petersen som har forført dere.»
Men like vel sa han ein gong til meg: «Jeg har aldri
sett omvendelsens og gjenfødelsens forvandling
tydeligere enn med Frederik Petersen; før han blev et
nytt menneske, var han bitende og spottende; men
da Gud fikk helt tak i ham, blev han elskverdig.»
Ja eg undrast um ikkje Heuch vilde ha kome til
å skyna Petersen, dersom dei tvo hadde vore meir
saman ?
I studentdagane våre hadde vi tidt Heuch til
fore-dragshaldar i teologisk studentforening. Han var ein
festleg mann, som det alltid fylgde liv med.
Eg minnest serleg eit foredrag han heldt for oss:
Prestens forhold til budet om ikke å forarge. Han slo
fast at bodet i bibelen sikta til dei veike kristne, som ein
friare kristen ikkje måtte narra til å gjera mot sitt
samvit. «Men det er i regelen ingenlunde de svake
kristne som forarges over prestens frihet, men nettop
de sterkeste som tror sig til å dømme og herske over
andre.» At dei tidt «forarges» over uskyldige ting, gav
han f leire døme på. Ein mann kom til Heuch og sa:
«Jeg må bekjenne at jeg på et møte talte om Dem uten
å nevne Deres navn. Jeg sa det er forferdelig å tenke
på at en prest kan stå på prekestolen og tale så
hjerte-gripende, og en times tid efter kan han stå med et
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:18 2023
(aronsson)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/abungminne/0031.html