- Project Runeberg -  Nokre ungdoms-minne frå 80- og 90-åri /
35

(1939) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Nokre ungdoms-minne frå 80- og 90-åri

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

35

tilgjenge for kvinner til å ta embets-eksamen. I 8 år
hadde dei havt høve til å ta artium. Heuch la imot,
med ord frå Paulus og Peter. Både Wexelsen og
Ullmann svara at i sosiale spursmål var apostlane
bundne av dei trongare kår i si tid. Heuch kom att
med sterke ord um at han kjende seg bunden av alle
apostoliske ord. Han budde i eit pensjonat (var alt
f lutt til Kristiansand). Fru Heuch, som hadde høyrt
på ordskiftet i Stortinget, sa ved middagsbordet: «Det
var rystende å høre på Wexelsen og Ullmann; de må få
et stort ansvar hinsides!» «A mor, sa bispen, de er ikke
så fæle hinsides du!» (Dette hev eg frå Wexelsen sjølv.)

I ei onnor sak var Heuch den frilyndte friske
fram-stegs-mannen: Det galdt studnad til Rolfsens lesebok,
som fekk skarp kritikk, millom andre av skulemannen
Niels Hertzberg. Då Heuch hadde rost leseboki med
hjartelege lovord, sa Hertzberg: «Jeg beklager meget
at min ærede med-representant på Kristiania-benken,
han hvis veltalenhed er en pryd for hvilken som helst

prekestol, at han har så slett en smak.»

*



Heuch var alt den gong på vakt mot «den nye
rasjonalisme», serleg mot kravet um etisk forkynning:
«Det er jo den gamle rasjonalisme om igjen, bare at
de nu bruker det greske ordet etikk istedenfor det
latinske ordet moral.»

I eit prestemøte i Arendal heldt biskop Heuch
foredrag um «den dogmatiske preken», som han var
sterkt imot. Prost Irgens, som tidt heldt dogmatiske
preiker, kjende seg råka. Men hendig som han alltid
var i ordskifte, fekk han snutt offensiven mot den

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:18 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungminne/0037.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free