Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Nokre ungdoms-minne frå 80- og 90-åri
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
39
forklåring, som Gregusson vilde ha innført, men som
rygerne ikkje vilde ha. På eit krinsmøte skreiv heile
skulekrinsen under på ei sovori fråsegn: at vi ikke
vil at våre børn skal gå til helvede efter Klaveness!
Heuch var og imot Klaveness, og heldt med rygerne.
Då klaga sokneprest Gregusson til kyrkjedepartementet:
«Biskop Heuch allierer sig med de sletteste elementer
i min menighet.» (Wexelsen smilte, og flutte Gregusson
til Sparbu, der han vart ein kjærleikens apostel.)
Det gjekk med Wexelsen som med Jakob Sverdrup:
andre venda han vart kyrkjeministar, kom han på god
fot med prestane og bispane, ikkje minst med biskop
Heuch.
I det store og heile hadde vi unge lett for å koma ut
av det med biskop Heuch. Um han ikkje godkjende
professor Petersen, so godkjende han Petersens elevar,
berre han høyrde dei forkynte Kristus.
Med J. J. Jansen vart han ogso god ven. Jansen var
professor Petersens åndsfrende heilt ut. Det var tale um
i 1888 å få Jansen til styrar av det prakt.-teol. seminar;
men dei vilde ha han til å arbeida mot Petersen; og
det vilde ikkje Jansen. Heuch og Jansen skifte hogg
i avisene. Jansen var sakleg og elskverdig i sin
skrivemåte. Heuch skreiv: «Jeg kjenner mig som en neger
i solskin, når jeg behandles av sogneprest Jansen.»
Til det svara Jansen: «Jeg vil gjeme sprede meget
solskin over den kjære neger.»
Det er kjent at Heuch og Jansen møttest på ein
helseheim; det var visst året fyrr Heuch døydde. I
samtala deira gjekk det so underlegt til, at Jansen sa:
«Biskopen har rett!» «Nei,» svara Heuch, «De har
rett.»
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>