- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
23

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Embetsmann og bonde

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

23

til å auka mistrui. Var dei usams innbyrdes, so stod dei
saman mot bøndene.

Ein kvitseiding sa med meg: um ein bonde stend og
røder med ein av dei «kondisjonerte», og det kjem ein annan
av dei gangande, so snur dei seg til kvarandre, og vyrder
ikkje bonden so mykje at dei helsar på han ein gong.

Jamvel i seinare tid hadde soknepresten sagt til ein
bonde: det skal kultur til å dansa. Presten snakka imot
bygde-dansen, men forsvara dansen hjå dei
«kondisjonerte». Bonden som fortalde meg det, la til: eg meiner
det er minder med kulturen hjå embetsfolki! damene
deira dansar halv-nakne! bondegjentene er då skikkeleg
på-klædde dei!

*



Motsetnaden millom embetsmann og bonde melde

seg i den mål-striden me fekk i Lårdal ikring år 1900.



Blix-salmane vart innførde til kyrkjebruk i 1898, å segja
samrøystes i alle tri sokner. Alt i 1884 hadde prosten
Sønnichsen fenge ser-prent av «Nokre salmar» sungne ved
joledags-messene i Lårdal og Høydalsmo. Ei melding
um dette vart innsend til Kyrkjedepartementet, med
søknad um autorisasjon for Blix-salmane. Det høvde godt
at kyrkjene i Lårdal prestegjeld var millom dei fyrste i
heile landet som tok Blix-salmane til bruk ved
guds-tenestene.

*



Det høvde i det heile at telene gjekk i brodden på
nasjonal veg.

Telemålet hev alltid vore kulturmål. Den rike arven
av folkedikting som gjekk frå munn til munn, frå ætt til ætt

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0025.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free