- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
27

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Embetsmann og bonde

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

27

men når eg ser kor glade borni mine er i det, lyt eg
her stemme for! Det var eit u-venta vonbrot for
agitatoren.

Medan eg bokførde vedtaket, høyrde eg ein av dei
sju sa til skuledirektøren: det er vel avgjort no? «Ja,»
svara han, «det eneste dere kan gjøre, er å ta børnene ut
av skolen.» Eg såg upp: vil skuledirektøren telja til streik ?
«Jeg gjør blott opmerksom på den eneste vei som nu står
åpen!!»

Det var visst siste embetsferdi den gamle
skuledirektøren gjorde. Han tok avskil same året. Og so fekk me
Matias Skard.

*



Ein grunn til motstandet mot landsmålet var utan
tvil — presten!

I agitasjonen vart det sagt: presten veit at ein ungdom
md læra riksmål, vil han fram i verdi! men presten stengjer
framtidi for bondeborni.

Ein gamal traust tele, som eg hadde all vyrdnad for,
tok lærar-representanten til sides fyre avrøystingi: «No
må du kje fygje presten! kom i hug hoss Tormod
Borga-jord, lang-bestefar din, stod embetsfolket imot! no må kje
du vanslekte på honom!»

I alle fall viste det seg: då eg reiste, dovna målstriden
av. Ein av venene mine skreiv til meg: det er visst likso
godt for målsaki i Lårdal at ikkje presten gjeng i
brodden.

Eg lyt fortelja at ein av motmennene ni år seinare
møtte på ei målmanns-stemna og helsa meg med dei ordi:
ja no er me langt komne i Lårdal! du skal ha takk for det
du gjorde! me hadde kje betre vit me toskane.

Men det var eit vonbrot for meg at ikkje telene vilde

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0029.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free