- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
29

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Embetsmann og bonde

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

29

Eg fekk låna heim alle bandi av Diplomatarium
Norvegicum, samlingi av gamle skinn-brev og andre
dokument frå millomalderen i Noreg. Eg skreiv av dei
som galdt Lårdal prestegjeld.

Eg fekk låna heim «kyrkjestolane» for alle 3 kyrkjer i
prestegjeldet, og skreiv av det eg hadde bruk for.

Alle upprit som prosten Quisling hadde gjeve ut,
gjekk eg igjenom; eg var og på Gjerpen prestegard og
snakka med han.

Det prestane i Lårdal hadde skrive upp i kallsboki,
var av mykje verde. Serleg vil eg nemna prosten Bech
og prosten Sønnichsen, som båe hadde fenge nedskrive
minne og tradisjonar langt att-ende.

Kyrkjebøkene for Lårdal prestegjeld hadde sjølvsagt
mangt å melda. Dei gamle som var innsende til
stiftsdireksjonen, fekk eg låna heim.

Mykje tilfang hadde eg samla. Det ligg ferdigt til den
som vil taka arbeidet med Lårdalssoga uppatt. Sjølv vinn
eg ikkje med det. Stoffet auka etter kvart, og voks meg
yver hovudet.

Det var heller ikkje lett å arbeida med det, når eg
ikkje lenger budde i Lårdal. Eitt år søkte eg Universitetet
um stipend på nokre hundrad kroner, til å ligg ja i Lårdal

eit halvt år og gjera boki ferdig. Det lukkast ikkje.

#

Fleire vonbrot upplevde eg. Eg fekk fleire vitnemål
um at embetsmann og bonde stod framleides i kvass
motsetnad til kvarandre.

Men sårast var det at sume av konfirmantane mine
gleid burt. Eg trudde eg hadde fenge meir tak på dei.
Ein vektig grunn til å stogga i Lårdal var nett den: at eg

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0031.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free