Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Embetsmann og bonde
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
33
Sørjyden Kristian Hansen skipa til ein fest-kveld i
Seljord på høgskuleskeidet. Han bad oss å ikkje gløyma
Sør-Jylland. Den bøni slo djupe røter i meg. Tri år etter
fekk eg høve til å gjesta sørjydane, og Kristian Hansens
lagnad stod levande for meg: han hadde gjeve upp heimen
sin og fedrelandet sitt av di han vilde ikkje verta prøysar.
So heilt vann han heimstaden i Noreg, at han jamvel
vart formann i mållagi i Telefylke!
På festen var mange taler. Ullmann peika på at me
no held på å samlast her i Noreg, og nemnde til eit døme
at eg var komen med på høgskuleskeidet. Og eg lyt sanna
at eg fekk meir tru til Ullmann då eg lærde han å kjenna
personleg.
•
Å høyra professor la Cour var eit storhende: folkeleg
og greidt maktast han gjera dei vandaste flokane klåre, so
me skyna vanskane! Attåt kunde han aldri tala um noko
emne utan me gådde kor kristenhjarta banka innunder.
Han heldt ei rekkja astronomiske foredrag. Då han
nemnde himmelen, sa han: dermed mener vi jo ikke den
usynlige verden hvor vi møter vår himmelske Far.
Eg fekk la Cour til å koma til ei stemna i Lårdal ein
sundag. Der heldt han foredrag um plante-vokstren og
vitna um Guds skaparverk: me menneske kan ikkje
skapa noko nytt, me kan berre halda hus med det som
Gud hev skapt.
Ved middagsbordet i prestegarden heldt han ei tale,
der han ynskte meg til lukka med flyttingi frå
prestegarden til ungdomsskulen. Han hadde tårer i augo då
han nemnde arbeidet millom ungdomen. For meg vart
det som ei ny prestevigsle av kj ærlege signande hender
yver hovudet mitt.
3 — Anker: Ungdomsprest.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>