- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
62

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Nasjonal godvilje

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

62

kyrkja i går?» «Nei det var eitt ord æ itte skjønt, de va
æva, for oss seie no evigheit!» Soleis hekk det i hop at
han skyna ikkje eitt ord!!

Då biskop Wexelsen høyrde dette, sa han: det er nå
for galt at prester har bodd i en bygd i mange år og enda
ikke er kommet i kontakt med bygdemålet. Det var

nasjonal godvilje som vanta.

*



Eg lyt fortelja ei onnor soga um ein prest som hadde
butt i tjuge år i ei fjordbygd og ikkje visste at dei brukte
dativ i bygdemålet. Han bles åt meg; men eg fekk medhald
av eit bygdemenneske. Då sa presten yvergjeven; på denne
måte må jo vi til å lære av bøndene! Ja visst!

Det er den nakne sanningi: me hev lote læra av
bøndene, dei hev gøymt på ervegullet: folkedikting,
folke-tonar, folkemål.

Her meiner eg er kjernen i riksmåls-rørsla: det gjeld
å halda siste skansen. Folkestyret og folke-kulturen hev
vunne fram på alle leider! skal no folkemålet koma i
høgsætet. kjem «yverklassa» til å tapa yver heile lina.

Eg heldt dette fram i eit ordskifte i Hallingdal, der
riksmåls-sekretæren var med.

Hallingdals ungdomslag hadde årsmøte, hadde bede
Lars Eskeland, Ola Bø og meg til talarar. Då dei gamle
frette det, skreiv dei etter Yngvar Brun. Lars Eskeland
fekk ei åtvaring frå ein av ungdomsfylkingen: dei vil ikkje
ha nokon mål-agitasjon. I foredraget sitt nemnde Eskeland
denne åtvaringi: kjem nokon og vil steng ja for målstrevet
mitt, fær han å gjera med det heitaste i meg! for då g jer
han åtak på mor mi. Han sa det so varmt, at kona hans
etterpå smilte til han: ja menn fekk dei målagitasjon!
eg hev aldri høyrt deg slik!

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0064.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free