- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
72

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Voss folkehøgskule

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

72

Ingvald Sakshaug, Arthur Hertzberg, A. M. St.
Arctander. Berre å nemna desse namni gjev utsyn!

Johan Bøgh var eg saman med i Sogn i fleire dagar.
Han fortalde meg mykje frå samvære med Bjørnson.
«Bjørnson har vært slik mot meg, at eg md vere glad i han,
ka han så gjør!»

Ein gong Bøgh var på Aulestad, heldt Bjørnson på å
kritisera yverskriftene yver Davidssalmane i Bibelen vår:
der står «av David» i staden for «til David». «Kan du tenke
deg noe slikt fusk? det er dativ! og so har teologene gjort
det til genitiv!» Han snakka um dette seint og tidleg.
«Velsigne deg, Bjørnson!» sa Bøgh til sist, «det er meg
komplett likegyldig enten det er dativ eller genetiv!»
«Karoline!» ropa Bjørnson ut i kjøkenet, «vet du hvad han
sier —.» Eit bel seinare hadde han sjølv lagt dativen på hylla.

Ein gong Bøgh kom køyrande frå Gausdal sanatorium
saman med den namngjetne presten J. J. Jansen, møtte
dei Bjørnson, stogga og helsa. Bøgh presentera presten
Jansen. «Præst!» skreik Bjørnson svivyrdsleg. «Ja men
Gud velsigne deg Bjørnson! dette er en bra mann!»

Frå samvære med Jonas Lie i Paris fortalde Bøgh ei
morosam soga. Ein kveld dei var i lag ein heil flokk
skandinavar, kom Jonas Lie på fantasi-hesten, og la ut kva
framtids-voner det kunde verta um Sicilia vart norsk
koloni. Alle fryda seg. Men ein svensk ingeniør kom med
eit spursmål: tror ni, herr Lie, at nordmennene kan ta
Sicilia? Det kom reint ovan-dotte, so alle stussa. Jonas
Lie snudde seg til Bøgh: ka mener du? et kompani
vossinger og sogninger, så greidde vi det? Ålmenn jubel.
Men dagen etter då Bøgh råka den svenske ingeniøren
og spurde um det ikkje hadde vore festlegt å høyra på
Jonas Lie, svara han: ja men han var en förbaskad
stor-skrytare!!

#

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0074.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free