- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
87

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Nordland og Finnmark

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

87

ikkje, vil det i lengdi vera rådlaust. Men jordbruket må
koma til å svara seg! korleis skal det elles gå med heile
folket?

*



Ei stor uppgåva i Finnmark er meir
folkeupplys-ning: kveldskular, ungdomsskular, folkeboksamlingar,
folkeakademier.

Men mest av alt trengst dnds-vakning. Riksstyret
hadde nokre år sidan plan-lagt å senda folke-vekkjarar
dit nord. Serleg i fiskevær på landliggjar-dagar er det
høve å samla ungdomen og setja kveik i deim. Den planen
kan takast uppatt!



«For-norskings-arbeidet» i Finnmark dei siste 40 åri
vil eg ikkje kyta av. Læråren hengde bilete på veggen
med tekst under. So skulde finne-barna stava seg gjenom
ordi, og lesa i kor: jei ser en ko, en ko har fire ben, en ko
spiser græs! Det kalla dei norsk!

Skulane i Finnmark fekk dispensasjon frå lovbodet
at alle barn skal læra å lesa nynorsk! Det var utan rimeleg
grunn. Når finn eller kvæn snakka skandinavisk, røynde
eg dei tala helst skikkeleg norsk. «Spil fokka ut på andre
sida!» ropa ein sjø-finn då me siglde med god bør. «Kor e
du heim?» spurde ein gamal finn. Og i Vatsøy by svara ei
kvæne-kona då eg spurde etter ein lærår: «Han bur der
burt-i gata.»

«Vi vil læra norsk,» sa Nils Pavelson, vara-ordføraren i
Tana, «men vi vil gjerne hør Guds ord på vårt eige mål.»
Kona hans skyna ikkje norsk! det var etter den tidlegare
politikk, då prestar og lærarar berre skulde nytta samisk!
soknepresten i Vatsøy preika kvænsk! Men so kom for-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0089.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free