- Project Runeberg -  Ungdomsprest og ungdomslærar. Minne frå flytt og flakk i tjuge år /
110

(1942) [MARC] Author: Bernt Theodor Anker
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Striden um teologi og kristendom

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

ho

«supplera» det teologiske fakultet ved Universitetet; det
trongst til motvekt mot den subjektivistiske teologi.

Gunnar Knudsens ministerium skipa det slik, at ved
teologisk eksamen skulde lærarane ved dei tvo fakultet
arbeida saman. Det var etter mi meining ei god løysing.

Dessverre nekta universitets-professorane å vera med
på sovore sam-arbeid. Og so fekk Menighetsfakultetet
eksamens-rett. Den norske kyrkja fekk tvo slags prestar.

Smått um senn vart motsetnaden kvassare: «Frå
Menighetsfakultetet kjem presten som Gud hev kalla! dei som
kjem frå Universitetet er fengde med moderne vantru!»

Agitasjonen landet rundt, og folke-opinionen som
agitasjonen laga, gjorde ikkje skil på truande og
fornek-tande teologar: når dei kom frå Universitetet, var det nok
til å stempla dei som vantruande.

Folk flest skyna ikkje kva me hev den nyare teologi
å takka. Mange tankelause og usanne lærdomar hadde frå
gamalt fenge fritt råde-rom. At den nyare teologi tok til å
granska lærdomane, var turvande nok. Det var ein veldig
fyremun at han lærde kristne menneske å tenkja fritt,
granska grundig, og bøygja seg for sanningi.

Men det var ein mur av mistru å vinna yver for prestar
frå Universitetet. Eit ljos-punkt midt i den myrke
kyrkje-striden er det at det lukkast truande prestar frå
Universitetet å vinna tiltru i kyrkjelydane; gong på gong viste det
seg at dei som gjekk ut frå Universitetet, hadde fenge varm

og gudleg kveik til tenesta i Jesu Kristi kyrkja.

#

Noko etter nyår 1908 fekk eg brev frå Peter
Hognestad at han hadde teke mot tilbod um lærarpost ved
Menighets-fakultetet. Han vilde ha meg til sin
ettermann i ungdomsprest-embetet.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0112.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free