Full resolution (JPEG)
- On this page / på denna sida
- «Mål-prest»
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
121
Mangt drog meg dit: Sund var ungdomsheimen hennar
mor mi; der hadde foreldri mine brudlaup; mange minne
i ætti knytte meg til den høgskulegarden. Men når det
ikkje var nokon annan som vilde vera ungdomsprest her
aust, laut eg halda fram. Same svaret gav eg då kapellaniet
på Voss vart utlyst, det eg hadde venta på i fleire år.
*
Karl Seip leid eit stort vonbrot i politikken. Han vilde
setja alt inn på å auka lærarlønene, som var ynkeleg små
i folkeskulen. Men då han bar det fram for Gunnar
Knudsen, svara den varsame finansmannen: budsjettet
toler ikkje den lønsauken. Seip hadde stor tillit til Gunnar
Knudsen, var personleg glad i han, det fortalde han meg.
Og dermed let Seip saki falla. So kom Eftestøl med
framlegg i Stortinget og dreiv løns-auken igjenom. Det var
beiskt for Seip, at han ikkje sjølv fekk koma med det
framlegget, og beiskare vart det då lærarar i bladi skulda
Seip for han hadde svike dei!
Seip var so samvetsfull at han vilde ikkje setja namnet
sitt under eit einaste dokument utan han hadde sett seg
inn i saki. Han forbaud departements-folki å ekspedera
noko utan han tok avgjerdi, han som hadde ansvaret!
Dermed sleit han seg ut.
Siste gong eg såg Seip, var då eg vitja han heime,
han var sjuk, men hadde fenge departements-sakene
upp til seg. Millom anna sat han med søknad frå Ivar
Mortenson um eit stiftskapellan-embete i Hamar
bispedøme. Seip gledde seg ved å utnemna han, og gledde seg
ved dei fine vitnemåli som fylgde med søknaden; han
hadde fenge «innstilling» i fleire fag til praktikum.
Eg kom i hug ein annan gong Seip gledde seg ved å
hjelpa ein målmann. Det var då han var skuledirektør i
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Project Runeberg, Sat Dec 9 01:04:21 2023
(aronsson)
(download)
<< Previous
Next >>
https://runeberg.org/abungprest/0123.html